Du har handlekurver i flere valutaer
FjernProduktAntall × Pris
Handlekurven er tom
Totalt

Anders Totland om Lepra Onsdag 4.november kl.18.00 i Amfikafeen

Anders Totland gav i vår ut sakprosaboka Lepra, og i dette foredraget i Amfikafeen formidlar han denne mørke delen av norsk historie med utgangspunkt i det omfattande researcharbeidet som låg til grunn for boka. Det handler om kroppar som visnar vekk, menneske som blir sendt vekk frå familien, lokalsamfunn i oppløysing, desperate fluktforsøk og spedalske som sneik seg til å ha sex når ingen kunne sjå dei. Og om kvinna frå Bømlo som blei forsøkt tvangssmitta, og klarte å få den mektige overlegen i Bergen frådømt stillinga si. Me får òg høyra om korleis forskarar, med Armauer Hansen i spissen, klarte å få bukt med sjukdommen i Norge, og korleis stoda er i verda i dag. For sjølv om me knapt høyrer om dei spedalske lenger, finst det framleis mange hundre tusen som går rundt med denne sjukdommen i verda. Totland kjem opphaveleg frå Bømlo, og har tidlegare skrive bøkene "Den norske slavehandelen" og "Nattmannen" i same sjanger som "Lepra". I tillegg har han skrive ei rekke skjønnlitterære bøker, både for barn, ungdom og vaksne.

Foto: Gyldendal


Vaflar og kaffi kan ein kjøpe i kafeen! Velkommen til ei interessant stund i Amfikafeen!

Bill.pris: kr 100

Få billettar!

Retningslinjer m.o.t Covid-19 blir heile vegen følgt.

Kjøp
  • kr 100,00
  • 13 Igjen