Du har handlekurver i flere valutaer
FjernProduktAntall × Pris
Handlekurven er tom
Totalt

Konsert med Doddo i Moster Gamle Kyrkje laurdag 17.august kl.17.00

Me treng Eduardo Hans «Doddo» Andersen og songane hans meir enn nokon gong! «Vi trenger plater som denne», skreiv BT etter siste plateslepp «Tunge tider». Doddo er tilbake på Moster og skal saman med gitarist Daniel Birkeland halde konsert i Moster Gamle Kyrkje, nasjonalskatten vår. I 2018 kom albumet «La oss ta en idealist». Dette vart 2018 sin mest politiske låt og me den vann han Årets Spellemannpris for beste tekst 2019! Doddo er så absolutt tilbake som både musikar, tekstforfattar og artist.

Doddo er også kjent som frontfigur i bandet «Unge frustrerte menn» på 90-tallet og er ein svært engasjert Brannbloggar. Fokuset hans dei siste åra er retta mot samfunnsspørsmål , politikk og medmenneskelighet.

Det å kunne balansere mellom det alvorlege og det humoristiske er ein kunst. Dette meistrar Doddo på ein ypperleg måte med målretta spark til oss, menneskeheten. «Doddo er imidlertid aller best når han får frem flauheten hos lytteren» (bt.no).


«Livet har blitt ein konkurranse om å leve det beste livet». Har Doddo rett? Ein ting er i alle fall sikkert; Doddo bryr seg og er verdt å lytte til!

Velkommen til ein sjeldan fin og viktig konsert i Gamlekyrkja!

Hugs varme klede i kyrkja!


Me har som mål å gje deg ei trygg oppleving!

For å sikra ei trygg og god kulturoppleving er det iverksett fleire tiltak. Det er begrensa antall plassar og det skal vera minimum 1 meters avstand mellom grupper. Ein husstand kan sitja saman, elles gjeld 1-metersregelen for andre. Dersom du er sjuk skal du halda deg heime.

De vil bli tilvist plass når de kjem, for å sikra at 1-meteren vert overhalden..

Alle gjeldende smittevernsomsyn er ivaretatt.

Som ansvarleg arrangør må me veta kven som er på dei ulike arrangementa. Derfor må du som billettkjøpar registrera namn, e-post og mob.nr når du kjøper billett. Dersom du kjøper billettar til fleire enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøpte billettar til.

Ta vare på kvitteringa, dette er billetten din.

Kjøp
  • kr 250,00
  • 0 Igjen