Du har handlekurver i flere valutaer
FjernProduktAntall × Pris
Handlekurven er tom
Totalt

Lyden av jazztonar og det stille

Trioen Horvei, Hystad og Gjersviks Jazz og Poesi har vore i Moster Amfi tidlegare, og skapa lun og magisk stemning. Søndag 26. september kan du møte dei tre på ny i Amfisalen.

Truls Horvei er ute med diktboka «Noen gram stillhet», som er prega av pandemien som vi har stått i sidan mars 2020. Her er dikt om det stille du finn i naturen, i tomme gater og når kvardagane blir fylt av uro og einsemd. Og tekstar om å kjenne blaff av glede over fuglesongen, og møtet med frisøren når håret har vekse fritt i over to månader.

Truls Horvei framfører sine eigne dikt akkompagnert av Ole Jacob Hystad sine saksofontonar og kontrabassen til Ole Amund Gjersvik. Det blir improviserte tonar og standardlåtar. Kanskje Truls lagar eit dikt eller to på sparket når musikken går? Kom og høyr!

Kjøp
  • kr 250,00
  • 26 Igjen